Vestkysttouren i Badevika

Spillermøte før start runde 1 av Vestkysttouren i Badevika. Foto: Morten Sæle

Nederst finn du stor bildeserie tatt av klubbfotograf Morten Sæle

Søndag 7. april vart andre runde i Vestkysttouren avvikla i på Badevika diskgolfbane på Frekhaug.
61 spelarar i sving, med både lokale og tilreisande spelarar. Litt skodde på morgonkvisten gav ein trolsk stemning i store delar av første runde, men la ingen dempar på resultat og innsats.

Roar Gjøsæter og Atle Svandal måtte ut i omkamp om sigeren i Master. Svandal trakk det lengste strået etter jamn kamp over fem hull. Freddy Haugen tok 3. plassen.

I juniorklassen var det Gaute L. Hauge som tok sigeren.

Seierspallen i amatør-klassen: 1. Christer Didriksen, 2. Stian Glærum, 3. Elling Leirgulen.

Vinnarane av Open Dame-klassen: 1. Hanna Hugosson, 2. Trine Varaas Haugen, 3. Camilla Nordhei.

Vinnarane i Open-klassen: 1. Tor Andre Eriksen, 2. David Vea, 3. Terje Rørmark.

Komplett resultatliste finn du her. (ekstern lenke)

Bildeserie frå Badevika:

« 5 av 9 »